Woke i Namdalen i 1883

Innlegg, Øystein L. I. Viken, oppstartsmøtet 08.09.20
Forfattar Øystein L. I. Viken, frå oppstartsmøtet 8. september 2020.
Foto: Bjørn Tore Ness, Namdalsavisa

Opprør har jo vore i vinden i 2020, frå Kviterussland til USA. Vi har sett korleis folkeleg motstand raskt kan veksa fram, setta dagorden, skapa endring. Sjølv despotiske makthavarar kan ikkje berre styra på autopilot. For folk kan situasjonen verka håplaus, men det er kraft i samhald, det er kraft i politisk aktivisme nedanfrå. Woke-rørsla er det kalla i USA, etter eit eldre ord for politisk bevisstgjering, nytta i stadig aukande grad i sosiale media. Ein må kjenna igjen dei undertrykkande mekanismane i kultur og offentlegheit, bli oppvakt.

Overstyre
Ei slik folkeleg oppreising mot umyndiggjering er det lett å kjenna igjen i utviklinga i Namdalen og i Noreg på 1800-talet. I tiår etter tiår hadde eliten då, statlege embetsmenn, styrt landet og landdistrikta. Mykje av systemet frå før 1814 hadde fått leva vidare under desse embetsmennene, ein ganske lukka, sjølvrekrutterande, klasse av universitetsutdanna byråkratar, prestar, offiserar, juristar og professorar. Dei la beslag på alle statsrådsposter, stortingspresidentskap, viktige komitear og statlege organ, utan å representera meir enn 1 % av folketalet. Alle forsøk på opposisjonell partidanning vart framstilt som undergravande pøbelstyre og utsett for omfattande kampanjar. Heilt fram til 1860-talet hindra embetsmennene slik ei kvar form for tydeleg systemskifte.

Embetsmennene dominerte òg stortingsdebatten, slik at dei færraste bøndene på Stortinget torde ta ordet. Dei som stakk seg fram vart utsett for offentleg hets, og fleire hindra frå å ta attval. Overhallingen Hans Barlien var det kanskje fremste døme på det. Som medlem av det første ordinære stortingssamlinga i 1816‒17 kritiserte Barlien embetsmennene sterkt. Dei hemna sei med å gå til rettssak mot han, så han ikkje kunne stilla på ny.

Grunnlova skapte såleis ikkje dei store omveltingane i politikk og offentlegheit. Avgrensingane i den nye trykkefridomen vart handheva sterkt, og fridom til forsamling fanst ikkje. Den gamle eineveldige straffelova var den same til 1842, og det hindra politisk kritikk. Kritiske publikasjonar vart straffa økonomisk. Det norske Nationalblad var frå 1815 den første opposisjonsavisa, der Barlien skreiv fleire gongar. Men Karl Johan tvang til slutt avisa til å legga om lina, ved bruk av ei sensurlov frå 1799 og ved å lova portomoderasjon, om avisa vart meir lojal. Regimet frå før 1814 levde slik vidare. Den regimevenlege pressa vart sterkt tilgodesett økonomisk og mobiliserte omfattande kampanjar mot alle opposisjonelle. Dette var 1800-talsforma av kva vi i dag kallar cancel culture, der alle forsøk på politisk kritikk vart overdøyvd og stempla som statsfiendtleg.

Formenn
Formannskapslovane i 1837 skulle jo vera eit motmiddel frå eit nasjonalt overstyre. Fire år tidlegare hadde bøndene komme i fleirtal på Stortinget og her drive gjennom lova til oppretting av sjølvstyreorgan lokalt og regionalt. Nye formannskap og kommunestyre skulle no veljast av folk i bygda, som deira representantar. Og Namdalen er eit eksempel på at dette var ei vending, her var berre 2 av 8 av dei første ordførarane embetsmenn, ved neste val berre 1. Ordførarane møttest så saman som formannskap for Nordre Trondhjems amt. Amtmannen fekk dermed mindre å seia, men òg futen. For Namdal, som lenge hadde hatt eigen fut, vart regionale politisk myndigheit såleis fjernare.

Førebuingane til formannsskapslovane var utsett for same beskyldningar om pøbelstyre, men det er lite som tyder på dei store konfliktane med lokale embetsmenn dei første tiåra etter lova vart vedteke. Så var det jo heller ikkje folk flest som fekk moglegheit til å påverka lokalstyret. Stemmerett hadde berre sjølveigande med stor nok formue, slik at tenestefolk, innerester og husmenn – som det var mange av i Namdalen – vart ståande utanfor. Formannsskapet var nettopp dei fornemste menn, bygdeeliten, og i sin nye posisjon var dei med på å halda folk flest utanfor. At stemmeretten i liten grad vart nytta, førte til at svært få påverka valet, ofte knapt fleire enn dei valte representantane. I Nærøy stemte slik i 1838 berre 14 personar inn eit kommunestyre på 12. Opp mot 200 hadde då eigentleg stemmerett, medan 1900 budde i kommunen.

Herredshuset i Overhalla. Foto: Ingvald Groven, Levanger Fotomuseum/Digitalt museum.

Heller forsvann folkeleg medbestemming med dei nye lovane. Tingordningane hadde som allmøte, sikra folkeleg medverknad i rettsprosessen heilt frå rikssamlinga av, sjølv om sorenskrivaren hadde tatt over domsmakta på 1600-talet. Bygdekommisjonar vart så oppretta på 1700-talet, særleg til å handtera fattigdom og skulevesen, og her deltok ein uavhengig av stand. Desse organa mesta no verknad i det deltakinga i lokalt styre og stell, som vart reservert for ein eksklusiv krets. Formannskapslovane innførte slik sjølvstyre, men dei avskaffa òg siste rest av folkestyre.

Oppvakt

Ei form for organisert folkeleg alternativ fanst likevel tidleg på 1800-talet i den etablerte lekmannsrørsla. Hans Nielsens Hauge sine idear fekk stor utbreiing over mykje av landet i denne tida, i Namdalen særleg på Sør-Gjæslingan, der Hauge oppretta venesamfunn og selde mange skrifter. Prestar og andre embetsmenn meinte Hauges forkynning utfordra kongskyrkja sitt monopol, og tilhengarar vart motarbeidd. Samlingane på Sør-Gjæslingan vart forbode i 1803. Etter 1814 kom det derimot inn mange haugianarar i styre og stell, lokalt, som nasjonalt. Fleire markerte seg som kritiske til embetsmannsregimet. Men haugianarane var ikkje eit einsarta parti og politisk var dei eit klart mindretal. Då forbodet mot lekmannsforkynning vart oppheva i 1842, vart haugianarane dessutan mindre systemkritiske og dei vart venlegare innstilt til embetsmennene, som dei såg på som allierte i kampen for god samfunnsmoral.

Indremisjonsrørsla, som tok over arven frå haugianismen, vart då òg heller ein spydspiss i kampen mot systemkritikk. Kyrkja medverka til det, då den i andre halvdel av 1800-talet vart prega av den strengt ortodokse, konservative, johnsonske retninga. Lokale foreiningar vart no oppretta under prestane si leiing, som alternativ til dei folkelege. I Namsos vart det slik danna ei arbeidarforeining leia av prost Aschenberg i 1876. Dei her foreiningane kjempa mot naud og elende, men dei var basert på tradisjonelle verdiar. Sosiale problem vart her tolka som umoral, heller enn ei politisk utfordring. Løysinga låg i sjølvforsaking, heller enn i systemendring, såleis vart kyrkja i perioden heller ein agent i kampen mot modernisering.

Og misjonsrørsla hadde eit stort nedslagsfelt. Den Norske Lutherstiftelse var den største nasjonale organisasjon frå 1870-åra av, sterk òg i Namdalen. Norsk misjonstidende var det største presseskriftet i landet, med 4 gongar så mange abonnentar som landets største avis (Morgenbladet). Avhaldslaga vaks dessutan ut av indremisjonen og fekk likeins stor utbreiing. I Namdalen stod dei sterkt: då 13 kjøpstader heldt avstemming mot brennevinssal i 1885, var andel stemmer mot sterkast i Namsos. Innsatsen motverka eit stort samfunnsproblem, «alkoholdvondet», men avhaldslaga medverka samtidig til å plassera ansvaret for dette hos folk sjølve, heller enn på eit politisk nivå. Såleis leidde den religiøse vekkinga på 1800-talet til ei tilsløring av sosiale utfordringar.

Thomas Conrad Hirsch, ordfører i Snåsa 26/9-1868 – 71.
Foto: Schrøder, fotografering 1937 (Ant.), Digitalt museum.

Organisert

Motmiddelet mot kulturell overkøyring, politisk umyndiggjering og ideologisk tåkelegging vart då mobilisering nedanfrå. 1800-talet var òg i samtida kalla «associationernes tid», stadig fleire foreiningar vart danna: kristne, kulturelle og idrettslege, sosiale, økonomiske og til slutt politiske. Alle delar av folket tok del i denne danninga av lag. Og dei var vanlegvis bygd opp uavhengig av sosial stilling, og slik jamna foreiningane ut forståinga av skilnadar på folk – dei danna fellesskap.

Demokratiserande var foreiningslivet òg ved å gje trening i skriftleg og munnleg debatt. Såleis danna organisasjonane ei alternativ offentlegheit til den statlege, og den var i sterk vekst i tråd med organisasjonsdanninga. For forsvararar av embetsmannsregimet var ei slik demokratisk gjæring ei utfordring, og som mottrekk initierte myndigheitene halvoffentlege alternativ, under leiing av embetsmenn, sånn som den Den Norske Lutherstiftelse og som lokale arbeidarforeiningar. Men det fungerte berre på kort sikt, folkeleg initiativ kom stadig til. I Namdalen var skyttarlaga mellom anna viktige tidlege eksempel på sånne, etter kvart ungdomslaga.

Nasjonalt var bondevenene eit viktig steg mot parlamentarisme og partidanning frå 1860-åra av, med mange lokallag. I Namdalen fanst dei òg, men dei var mindre avgjerande. Som forløpar til venstrerørsla var bondevenene likevel viktig, og ut av denne rørsla vaks sparebankar, handelslag og samvirkelag. For folkeleg deltaking var bondevenene dessutan like avgjerande i utviklinga av nye forum for politiske aktivitet: folkemøta.

Samtale
Embetsmannsmakta vart til slutt velta ved å etablera alternative institusjonar og politiske forum. Miljøa knytt til folkehøgskulen var her viktig. Hans Konrad Fosnæs frå Namdalseid byrja å halda folkehøgskulekurs i Namdalen frå 1872 av, som såleis kom tidleg til regionen. Fosnæs heldt òg opne møter kvar veke, og elevane ved kursa tok seinare til å halda liknande møte på heimplassen sin, der folk kom saman i såkalla samtalelag. Slike lag vart danna over heile landet, og det fanst ei rekkje i Namdalen, ei tid fire berre i Overhalla. Dei skapte ei bølgje av folkeleg organisasjonsdanning, som utfordra kontrollen ovanfrå.

Samtalelaga tok ordet i si makt. Det var ikkje berre i kommunestyresal og kyrkja ein talte lengre, vanlege folk tala politikk i det opne rom. Samtalelaget «Breidablikk» vart slik danna i Grong i 1885, «for folkeleg Upplysning […] og me skulde der faa Øving til høvelege Uttryksmaatar og klarare Meiningsframlegg i Skrift og Tale» som dei skreiv. Diskusjonen skapte innsikt i rikspolitiske forhold, for her vart saker som parlamentarisme, nasjonal sjølvråderett og likestilling diskutert. Konkrete forhold i kvardagen vart samtidig like gjerne drøfta, som pløying eller alkoholkonsum, og slik medverka samtalelaga til ei open meiningsutveksling òg om nære ting. Opplysing i samtalelaga var noko anna enn moralsk påføring frå ovan, frå dei som visste betre, det var oppvakning til eigenutvikling gjennom kritisk debatt.

Marius Hægstad

Presse
Side om side med etableringa av dette offentlege munnlege rommet, etablerte det seg ei skriftleg offentlegheit, òg i Namdalen. Embetsmenn og næringsliv i Namsos stabla i 1863 den første namdalske avisa, Namdals Tidende, på beina, forholdsvis tidleg mot andre distrikt. Mot slutten av 1870-åra vart avisa etterfølgd av Namdals-posten. Men politiske motsetningar slo då gjennom òg i pressa. Medredaktør Marius Hægstad vart skvisa ut då han trykte ein sterk kritikk av regjeringa for ikkje å sanksjonera stortingsvedtaket om at statsrådane skulle møta i Stortinget, den store stridssaka i samtida. I staden trykte avisa seinare eit opprop om å få Hægstad fengsla for majestetsfornærming og nekta han å trykka motsvar på æreskrenkande innlegg.

I demokratiske oppvakninga i Namdalen skulle Hægstad derimot bli førande. Det var han som fekk starta opp fast folkehøgskule i Namdalen, og i i 1883 staden starta han òg opp sitt eige blad, Nord-Trønderen, med abonnentar i heile Namdalen. Dermed var den skriftlege offentlegheita delt i ei høgre- og venstreavis, i tråd med den nasjonale utviklinga elles, som skapte eit livleg og skarpt politisk ordskifte òg skriftleg. Samtidig auka tilsendinga av aviser og tidsskrift utanfrå sterkt. Postgangen var forenkla og gjort raskare gjennom fleire postkontor, prisane på presseskrift sank mykje gjennom postreformar. Namdalingen gjekk inn i ein nasjonal offentlegheit, og trykte innlegg i aviser i andre regionar, som så vart sendt tilbake. Oppvakninga hadde leidd til ei demokratisk deltaking.

Revolusjon
Til slutt kom jo òg revolusjonen i Namdalen. Hovudstadspressa kalla det iallfall så, då skytterlaga samla seg i Overhalla i 1883. Full krise hadde då oppstått mellom regjeringsmaktene, Stortinget ville stilla Regjeringa for riksrett, kongen trua meir eller mindre opent med statskupp. Men venstrerørsla hadde òg ei våpenmakt i folkevæpningssamlaga, samanslutningar av skyttarlag, der det første på nasjonalt nivå var Inntrøndelagen og Namdalens. Regjeringa nekta derimot å sanksjonera pengeløyve av frykt for «oprørstendenser». Svaret vart lokal finansiering. I mars 1883 gav den venstre-styrte Overhaldens Sparebank pengar og forsvarte vedtaket med at skyttarlaga måtte skaffa folk våpen i hand, grunna «den politiske Stilling i vårt Land». Regjeringa kravde så forhøyr i Overhalla som del av forsvaret sitt i riksretten, men det var ikkje mogleg å påvisa nokon revolusjonsplan. Det avgjerande følgjet vart i staden at bygdefolket presten ut den lokale futen og presten, og tok lokal sjølvråderett.

Ny prest vart då stortingsrepresentant Vilhelm Andreas Wexelsen. I 1882 hadde han, då sokneprest i Kolvereid, vorte valt inn på Stortinget som første namdalske representant på fire tiår. Den politiske oppvakninga hadde såleis ført Namdalen inn i rikspolitikken igjen, og Wexelsen sitt inntog var eit bevis på den folkelege mobiliseringa i Namdalen. Han var valt inn som politisk radikalar og teologisk liberalar, som tala sterkt for kvinnerettar. Paulus var utdatert i dette spørsmålet slo Wexelsen fast, beviset var jo at kvinnfolk jo berre ikkje klarte å teia stilt i forsamlingar.

Nye grupper i politisk oppvakning
I ettertid er Wexelsen likevel mest kjent for å ha vedteke lova om fornorsking som kyrkjeminister, Wexelsen-plakaten, som stod ved til 1963. Slik representerte han òg den illiberale sida av den etablerte venstre-bevegelsen, som i sin samtidig nasjonalisme undertrykte samisk kultur og språk. Reindriftslovar på slutten av 1800-talet medverka likeins til å bryta opp livsgrunnlaget for mange sør-samar.

Ei sterkare samisk politisk mobilisering skulle så komma frå byrjinga av 1900-talet av, der større sør-samiske møte i Røyrvik og Namsos var med å leia fram til det første landsmøtet i 1917. Dei her møta var viktige mobiliserande steg i kampen mot den ideologiske tilsløringa, som staten og den såkalla finnemisjonen utøvde mot samane, med god hjelp frå privatsamfunnet. For sør-samar var denne mobiliseringa eit avgjerande steg i ein kamp som skulle vara i mange tiår.

Såleis hadde den politiske bevisstgjeringa i Namdalen på 1800-talet mange sider. Andre grupper stod framleis utanfor det politiske liv på slutten av 1800-talet, for nokon var den tidlege moderniseringa heller eit sosialt og økonomisk hinder, som husmenn, kvinner og altså samar. Framleis stod mange utan stemmerett, utan representasjon, utan talerøyr. Men òg desse var no i ferd med å bryta gjennom i ei politisk oppvakning. 1900-talet førte med seg nye bevegelsar og oppvakningar. Såleis er det heldigvis mykje å skriva om i den nye boka om Namdalens historie.

Publikum på Norsk Sagbruksmuseum, Spillum, oppstartsmøtet 8. september 2020.

Foto: Bjørn Tore Ness, Namdalsavisa