Vi er i gang!

Leiar for Namdal historielag og grafisk designer Grete Rasmussen jobbar med nettstad for Namdal historielag og Namdalshistoria band 3.

Arbeidet med å forfatta band 3 av Namdalshistoria, for tida etter 1837, tok til 15. august. Men jobben med å skapa boka handlar ikkje berre om å skriva. Allereie no er vi i gang med å planlegga korleis boka skal arta seg og kva innhald det skal vera elles. Bilete er mellom anna ein viktig bit av historieformidlinga, kanskje særleg for den moderne historia. Likeins har det blitt stadig viktigare korleis ei slik bok er utforma og ser ut. Namdalshistoria er ikkje noko unntak, og forfattar Øystein Lydik Idsø Viken og leiar i Namdal historielag Trond Prytz har allereie vore i fleire møte med namdalske aktørar, for å planlegga innhald og design.

Regionalhistorie

Frå før finst to band av Namdalens historie, for tida fram til 1600 skrive av Jørn Sandnes og for perioden 1600-1837, av Per Christiansen. Sandnes skreiv første band allereie i 1965, medan Christiansen sitt kom i 1999. Det er altså på høg tid at historia om Namdalen fullførast, og det tredje bandet har fått namnet «Nytida», der perioden strekk seg frå 1837 til i dag. Sandnes sitt band var eit tidleg døme på regionalhistorie i Noreg, og særleg banebrytande som historieverk om eit distrikt utanfor dei samtidige politisk-administrative (fylkes-)grensene.

Band 2 var så del av ei bølge med nye regionverk, der Trøndelags historie kom berre seks år seinare. Òg i dei seinare åra har det kome fleire verk, som Nordlands, Telemarks og Hardangers historie. Prosessen med fylkessamanslåingar og sentralisering av institusjonar og forvalting har opplagt vore del av bakgrunnen for slike prosjekt og løyvinga til dei. Samtidig har regionar på ulikt nivå hatt ein auka aktualitet, for politisk samarbeid og for forsking, i tråd med nasjonalstaten sin avtakande relevans. Nasjonen har i det heile vorte ei mindre avgjerande tolkingsramme for historiske studiar dei siste tiåra.

Lokalhistorien står til gjengjeld svært sterkt i Noreg, samanlikna med både våre naboland og Europa elles. Engasjementet for lokalhistorie er kraftig, som kjem til uttrykk òg i ein omfattande produksjon av lokalhistoriske tekstar og andre publikasjonar. I eit distrikt som Namdalen, der den regionale identiteten står sterkt, går den regionale historia inn som ein logisk del av den lokalhistoriske rørsla, og er slik eit felt som vekker stor interesse. I prosjektet med Namdalens historie håper vi å få med oss dette engasjementet, særleg gjennom dei lokale historielaga, og ved å dela av funn frå forskinga undervegs.

Regionalhistorie er slik i vinden, og gir verdifull innsikt i forhold nært på folk si fortid.

Lesing… og skriving

I eit langvarig historieprosjekt kan ein sjølvsagt ikkje berre skriva i veg. Det er tidlegare forsking å lesa, om Namdalen og om den aktuelle perioden. Band tre av Namdalens historie har fått namnet “Nytida” og skal handla om tida frå 1837 til i dag. Store omveltingar har funne stad i overgangen frå det gamle samfunn til i den hypermediale kvardagen i vår tid. Eit verk som tek føre seg den samla utviklinga i Namdalen i denne tida skal dekka mange område, frå politiske rom til kvardagsstua. Mykje er heldigvis skrive om ulike tema i perioden frå aktive lokalhistorielag i Namdalen. Kjeldematerialet er likeins omfattande. Relevant er òg tallause studiar for den allmenne utviklinga gjennom tida. Ei klar utfordring ligg difor i å komma gjennom det aktuelle stoffet.

Skrivinga byrjar likevel tidleg. Del av prosessen med å bearbeida opplysingane handlar om å setta dei saman til ei forteljing. Namdalens nyare historie blir til undervegs, og den er i gang med å skrivast.