Tidlig sagbruksdrift i Nord-Trøndelag.

Korrigering av artikler i 2020.

I 2020 hadde eg hatt ein gjennomgang av tidleg sagbruksdrift i Trøndelag, perioden 1610-1663. Dette resulterte i artikler i ei rekke årbøker, blant anna Årbok for Nord-Trøndelag 2020 og Årbok for Namdalen 2020. Artiklane var delt i to: Først var det ei sammenlikning av sagbruksdrifta i interesseområdet for den enkelte årboka med samtidig sagbruksdrift i Norge og Trøndelag, så var det ein gjennomgang av kvar enkelt sag for det aktuelle området. I Årbok for Namdalen vart den første delen sløyfa utan at eg som forfattar var konsulert. Lesarar av denne årboka bør derfor lese Årbok for Nord-Trøndelag 2020for å få heilheta.

Det var lagt ned eit stor t arbeid i å finne plasseringa av dei enkelte sagene, men dette var vanskeleg, og det var ein del usikkerhet om noen av plasseringane. Det var derfor eit ønske å få tilbakemelding frå lokalkjente på plassering for å få rydda bort eventuelle feil før artiklane kom på trykk. Spesielt i området Mosvik til Namdal var det vanskeleg å finne korrekt plassering, delvis fordi utviklinga av sagbrukksdrifta skaut fart først frå rundt 1660 og at det dermed var eit lite datagrunnlag fram til 1663, og delvis fordi Namdalseid delvis vart ført under Namdal og delvis under Inderøy utan at eg fanga opp dette. Dessverre kom det ingen korrigeringer før publisering.

Etter presentasjonen av Årbok for Nord-Trøndelag 2020 kom eg i dialog med Olav Skevik om sagplassering i dette området, og fekk korrigert noen feil. Ein gjennomgang no i ettertid avdekka enda to feil.

Formålet med denne artikkelen er å korrigere feil i plassering av sager i artiklane frå 2020. Eg tar da med områda Mosvik-Verrasund-Hjellbotn frå Årbok for Nord-Trøndelag 2020, og heile Namdal. Opplysningar om sageigarane finn ein i årbokene for 2020, og analyse av sagbruka i nasjonal og regional sammenheng finn ein i Årbok for Nord-Trøndelag 2020.

Les hele her (word-fil)